Tradisjonen tru vert det tv-aksjon på Grødem veka etter haustferien.
I år går pengane til Amnesty International, med fokus på dei sakene som handlar om å stå opp mot urett.
Kick off vert tysdag 16. oktober kl 830. No skal vi få teste ut den flotte aulaen vår!
Tysdag, onsdag og torsdag vert det aktivitetar og kafé til inntekt for den gode saka. Dei flinke 10. klassingane har vore rundt og fått flotte gåver til utlodding med ulike bedrifter i Randaberg, det er vi veldig takksame for. Alle klassene har fått kvar si loddbok. Både på mellomtrinnet og ungdomstrinnet vert det arrangert fotballturnering.
Onsdag kveld er det Idol-førestilling, med alt frå song og dans til diabolo og akrobatikk. Førestillinga er i aulaen kl 1800.
Det heile vert avslutta på fredag 1130.
